— Eg har forståing for at alt som kan gjerast for å berga liv, må ha første prioritet. Men det eine minuttet som trengst for å varsla politiet, må det finnast tid til lenge før det har gått ein time, seier lensmann Audun Høyland i Ulvik til Bergens Tidende.

Han fortel at politiet ganske ofte får sein melding, til dømes om trafikkulykker.

— Politiet har mellom anna som oppgåve å leia arbeidet på ulykkesstaden, men det hender at vi ikkje veit om ulykka før brannvernet ringer og spør kvar det blir av oss, fortel Høyland.

Han trur at varslinga av politiet blir gløymt når nye, urøynde folk sit vakt på AMK-sentralen (Akutt Medisinsk Kommunikasjonssentral). Løysinga kan vera å utarbeida ei «smørbrødliste» som operatøren kan ha framfor seg, og kryssa av etter kvart som rutinane vert gjennomført.

Etter det Bergens Tidende får opplyst, fall jenta ned i bresprekken klokka 12.45. Gruppa som var oppe på breen, fekk henne opp klokka 13.15.

Meldinga vert motteken hjå AMK på Voss kl. 13.26 og hjå AMK i Bergen kl. 13.38. Helikopteret er på breen litt over klokka 14.00 og melder klokka 14.25 at jenta er død. Klokka 14.35 får politiet i Ulvik melding om ulykka.

Divisjonsdirektør Helge Bøe i Medisinsk Servicedivisjon, Helse Bergen, seier til BT at han har notert seg kritikken og vil følgje dette opp. Lensmann Høyland opplyser at ulykka vert etterforska på vanleg måte. Politiet er alt i gang med avhøyr av dei som var til stade ved ulykkessprekken. Så langt er det ikkje noko som tyder på straffbar aktløyse, men opplysningane som kjem fram under avhøyra, skal vurderast av juristane i politidistriktet, seier lensmannen.