Politiet har no sendt saka om stortingsrepresentant Henning Warloe sitt narkotikabruk over til Bergen Tingrett, skriv nrk.no. Politiet meiner han har tilstått.

— Warloe har tilstått både å ha skaffa seg og brukt narkotika, seier politiadvokat Bjørn Pettersen i Romerike politidistrikt til NRK Hordaland.

Har brukt, men ikkje skaffa

Advokaten til Warloe meiner politiet ikkje har den tilståinga dei hevdar å ha.

— Dei har opplyst at Warloe har sagt seg villig til å ta ein tilståingsdom, men det er faktisk ikkje riktig, seier Erling O. Lyngtveit.

— Det Warloe har sagt er at han er villig til å vedta eit førelegg for bruk av narkotika ved nokon høve. Men siktinga går òg på erverv. Det har han aldri erkjent, seier Lyngtveit til NRK.