KEN ROSSLANDEYSTEIN RØSSUM MARIT HOLMeystein.rossum@bt.no

Allerede onsdag kveld fekk politiet fleire konkrete tips i saken, opplyser politibetjent Tor Nordeide ved Fyllingsdalen politistasjon. Han vil ikkje seie om tipsae gjeld namngjevne personar, eller om det dreier seg om observasjon av bilar.

Lokka med pengar Ved å lokke med pengar skal mannen ha fått dei tre småjentene inn i bilen. Deretter skal han ha forgripe seg seksuelt.

Overgrepa skal ha skjedd sist måndag, andre pinsedag, mellom klokka 11 og 17. Jentene er seks, sju og ti år gamle, og hadde fri frå skulen. Mannen kom bort til jentene på parkeringsplassen ved Oasen i Fyllingsdalen, like ved Esso-stasjonen.

— Lova dei pengar - Han lova dei pengar dersom dei vart med inn i bilen, seier politibetjent Ole Jakob Malmo ved Fyllingsdalen politistasjon.

Mannen fekk jentene med seg og køyrde deretter utover mot Auto 23, ein tur på eit par minutt, før han stoppa på ein parkeringsplass. Her skal overgrepa mot dei tre ha vorte utført.

— Vi veit ikkje nøyaktig kvar han har stoppa, men jentene har sett Auto 23-skiltet, seier Malmo.

Jentene vart etterpå sleppte av på ein busstopp ved Fyllingsdalen idrettshall.

Stor mørk van Politiet jaktar no intenst på gjerningsmannen, som skal ha køyrt ein stor og mørk bil med sota glas og stige bak, truleg ein van.

Politiet set stor lit til forklaringane til jentene.

— Jentene seier mannen var vaksen, med kort mørkt eller grått hår, gul eller beige genser og blå dongeribukser, seier Malmo.

Jentene har ikkje klart å beskrive dialekten til mannen, bortsett frå at han ikkje snakkar vanleg bergensdialekt.

Undersøkt på Haukeland Jentene har skildra overgrepa, utan at politiet vil seie meir enn at det er snakk om utuktig omgang med mindreårige.

— Måten han har fått med seg jentene på og den unge alderen gjer at vi ser svært alvorleg på saka, seier politibetjent Malmo.

Politiet vart kontakta av foreldra til den eine jenta same kveld som overgrepa skal ha skjedd.

— Vi set lit til det jentene har forklart, og ser ingen grunn til å tvile på at dei snakkar sant, seier han.

Dei tre var tysdag og onsdag til medisinske undersøkingar ved barneklinikken på Haukeland sykehus. Dei har også hatt samtaler med fagfolk på klinikken om det dei har opplevd.

Vart med frivillig Resultata av undersøkingane var ikkje klare i går.

— Jentene har ikkje synlege fysiske skader, etter det vi veit så langt, seier Malmo.

Det skal heller ikkje ha vorte brukt makt mot jentene.

— Dei har sagt at dei gjekk frivillig inn i bilen, og at dei var der til mannen sette dei av, seier Malmo.

Politiet er svært interessert i å komme i kontakt med folk som kan ha sett mannen eller bilen - enten i Fyllingsdalen eller andre stader.

— Det er slett ikkje sikkert han held til i denne bydelen, seier Malmo.

Har sikra videoopptak Politiet har enno ikkje gjort formelle avhøyr av jentene. Det vil tidlegast skje i dag. Avhøyra vil bli leia av ein dommar, slik rutinene er ved overgrep mot born.

Politiet har sett inn store ressursar på å finne mannen. To etterforskarar arbeider med saka i Fyllingsdalen, og person- og valdsavsnittet i Bergen politidistrikt er kopla inn. Politiet har sikra seg videoopptak frå overvakingskamera på bensinstasjonane i området, og skal gå igjennom desse i håp om at eit kamera kan ha fanga inn bilen eller gjerningsmannen.

PLUKKA OPP: På denne parkeringsplassen ved Oasen i Fyllingsdalen skal mannen ha plukka opp dei tre småjentene. Foto: Knut Strand