TERJE ULVEDAL

Mannen miste truleg livet som følgje av at han blei angripen av hissige sjukehusbakteriar.

Den omkomne, som var frå Gulen, blei skadd i ei motorsykkelulukke på ferjekaien på Oppedal fredag for snart to veker sidan. Ifølgje politiadvokat Terje Gjertsen fekk mannen berre moderate skader i ulukka. Han blei send til Førde sentralsjukehus med smerter i høgre skulder, og operert der.

Heile helga etterpå skal 34-åringen ha klaga over sterke smerter i kroppen. Måndag blei han så overført til Haukeland universitetssykehus med helikopter. Like etter at han kom fram til Bergen, døydde han.

Sjukehusinfeksjon

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane har avdøde sannsynlegvis fått bakteriane i kroppen i samband med inngrepet på sjukehuset i Førde. Politiadvokat Gjertsen understrekar overfor Bergens Tidende at politiet så langt ikkje kjenner dødsårsaka.

— Det er nettopp dødsårsaka som er tema for oss, og grunnen til at vi ba om obduksjon. Dei opplysningar vi har fått frå Gades gjer at det framleis vil ta ei tid før obduksjonsrapporten er klar, seier Gjertsen.

Politiet i Sogn og Fjordane blei ikkje varsla om at det hadde skjedd ei ulukke på Oppedal ferjekai fredag 16. april. Grunnen er at Gulen no høyrer til Hordaland politidistrikt.

— Vi hadde ikkje kjennskap til denne saka før operasjonssentralen hos politiet i Bergen kontakta oss, og fortalde at ein person som hadde vore innlagt på sjukehus både i Førde og Bergen var død. Etter dette har vi prøvd å rekkje trådane som godt som råd, seier politiadvokaten.

Dersom obduksjonsrapporten konkluderer med at mannen døydde som følgje av ein infeksjon han hadde fått på sjukehuset, vil politiet setje i gang etterforsking.

— Det er praksis i slike saker, opplyser Terje Gjertsen.