Den rusta kampkniven blei funnen sist veke, og blir i dag undersøkt av ein teknisk ekspert i politiet. Stord-mannen som fann kniven og slira stukken inn i ein mur ved marinaen på Leirvik, trur det er både blodrestar og fingeravtrykk på det 17 cm lange bladet.

Funnstaden er nær moloen der 24 år gamle Tore Årvik sist blei observert natt til 1.mai 1993. Årvik blei aldri funnen, trass omfattande søk i sjøen. Ikkje eit einaste teknisk funn kunne heller knytast til 24-åringen si forsvinning.

Ein 26-åring som var i basketak med Årvik ute på moloen blei tiltalt for å ha etterlete 24-åringen i hjelpelaus tilstand i sjøen. Han blei blankt frifunnen i Sunnhordland heradsrett.

— Spekulasjon

— Det er i dag ikkje mulig å knyta dette knivfunnet opp mot det som skjedde i 1993. Det blir berre ein spekulasjon. Men vi skal undersøkja kniven. Eg synest Årvik-familien har krav på at vi følgjer opp alle opplysningar vi får inn, seier Stord-lensmann Reidar Færestrand til Bergens Tidende.

Mannen som fann dolken eller kampkniven heldt på med å pussa flaggstonga då han sist torsdag såg skaftet stikka fram under ein stein i muren.

Muren ligg mellom Hamnegata og Statoil-kaien halvvegs mellom Sjøhuset og moloen. Etter stengetid på Sjøhuset natt til 1.mai 1993 blei Tore Årvik observert gåande ut til moloen, der han seinare kom i klammeri med den tiltalte og seinare frikjente 26-åringen.

Engelsk kampkniv

Ifølgje mannen som fann kniven, er det tale om ein engelsk kampkniv med slireutstyr som tyder på at han kunne vera festa til eigaren sin legg.

Mannen har skrapt av rust og det han trur er ei blanding av rust og størkna blod. Likevel skal det vera nok restar tilbake som gjer det råd for ekspertar å laga DNA-profil av vedkomande som det eventuelle blodet stammar frå.

Samstundes med at ein 26-årig mann blei tiltalt i samband med Tore Årvik si forsvinning i 1993, blei også ein jamaldrande ekskjærast av 26-åringen sikta i saka. Politiet fråfall seinare siktinga mot henne. Ho var på moloen saman med 26-åringen, men sa som vitne i rettssaka i januar 1994 at ho ikkje hadde sett slåstkampen som ekskjærasten var innblanda i.

KAMPKNIV: Dette er kniven som sist veke blei funnen i ein mur ved marinaen på Leirvik, og som politiet no skal undersøkja for eventuelt å finna ut om han har noko å gjera med den uoppklarte forsvinningssaka i 1993.
FOTO: OVE OLDERKJÆR