To gonger trekte politi og barnevern seg tilbake med uforretta sak etter fire timar lange samtalar med gutane og faren.

— Vi kjenner godt politifolka i Kvinnherad. Og eldste sonen min fekk svært god tillit til lensmannen. Det er ikkje personane ved lensmannskontoret eg går ut mot, men systemet, seier Per Kristensen til Bergens Tidende.

— Likevel burde dei forstå at dei trødde over ein terskel den siste gongen, seier Kristensen, som enno ikkje formelt har meldt Kvinnherad lensmannskontor til Sefo, politiets særskilte etterforskningsorgan, for valdsbruk i samband med tilbakeføring av eine sonen til ekskona i september.

Same betjenten

I desember 1997 var den same lensmannsbetjenten som var med på den videofilma tilbakeføringa, heime hos Per Kristensen for å forkynna ein namsrettskjennelse om tilbakeføring av ungane til mora. Han hadde med seg ein kollega og to representantar frå barnevernet, gjekk det fram av rettsforhandlingane i Sunnhordland heradsrett i vår der Kvinnherad-mannen blei dømt for bortføring av sine eigne born.

Etter lange samtalar med Kristensen og borna, fann betjenten ut at han ikkje ville bruka makt for å få ungane ut av huset, forklarte han i retten, og la til at barnevernet ønskte at det skulle brukast makt. Eldsteguten gav klar melding om at han ikkje ville reisa.

I samråd på telefon med lensmann Jan Ludvik Fosse avgjorde betjenten at oppdraget skulle avbrytast. Etter fire timar forlet politi og barnevern huset.

Forhandla på flukt

I september 1999 oppsøkte representantar for Vegårdshei lensmannskontor i Aust-Agder Per Kristensen og sønene medan han var på flukt etter å ha henta gutane i Danmark. To lensmannsbetjentar og ein representant for sosialkontoret i Vegårdshei oppheldt seg i fire timar på fjellhytta som Kristensen hadde lånt. Samtalane og forhandlingane med ungane førte ikkje fram no heller. Politiet og sosialleiaren trekte seg tilbake frå hytta.

— Vi diskuterte med våre overordna i Arendal politidistrikt og med Sunnhordland namsrett, og trekte oss tilbake etter ei totalvudering av situasjonen, sa ein deltakande lensmannsbetjent frå Vegårdshei i strafferettssaka mot Kristensen i Sunnhordland heradsrett i vår.

— Å bruka makt ville føra til ubehag og psykiske påkjenningar for ungane. Det ville vera eit for drastisk tiltak i forhold til situasjonen på staden, sa lensmannsbetjenten.

I fire timar oppheldt Vegårdshei-representantane seg på hytta. Det blei avtalt å gjera eit nytt forsøk på å henta gutane eit par dagar seinare. Men då var far og born reist til ein ny og ukjent stad.

Ifølgje Per Kristensen var politiet i huset hans berre nokre få minuttar 6.september i år før det blei bestemt å bruka makt for å henta 12-åringen.