Rundt klokka ni i går kveld stoppa politiet ein bil i Odda sentrum.

— Oddingen i trettiårene køyrde utan førarkort. Vi avskilta bilen og, seier politioverbetjent Bjørn Inge Aarsand i Hardanger lensmannsdistrikt til bt.no.

- Kvifor tok de skilta på bilen?

— Nok er nok. Dette er fjerde gongen denne karen er tatt for å køyra bil utan førarkort. Vi vil vurdera å inndra bilen og.

- Har han nokon gong hatt førarkort?

— Ja, men det vart tatt frå han i samband med ei trafikkulukke i 2010.