– Det burde ikkje vere vanskeleg å finne parkering i Os, men folk har ein tendens til å slenge frå seg bilen her og der, sukkar politibetjent Ørjan Hjortland til bt.no.

Han ber folk i Os parkere litt meir ordentleg.

Den siste tida har politiet skrive ut gebyr til bilar som står hulter til bulter, i fotgjengarfelt og på fortau.

– Os er eit lite sentrum. Når eldre og sjuke menneske beveger seg rundt er det ikkje noko greit når bilar sperrer fotgjengarfelt til dømes, seier Hjortland.

Ikkje berre øydelegg slurvete parkering for andre gåande, det kjennes også i lommeboka. 500 kroner må du ut med, om du ikkje parkerer skikkeleg.