OVE A. OLDERKJÆR

Det skjer fordi Stord-ordførar Magne Rommetveit ikkje vil at lensmannskontoret hans skal tilhøyra eit nytt Haugaland politidistrikt.

Den politiske leiinga i Justisdepartementet førebur ein eigen kongeleg resolusjon som slår fast at den nye politieininga skal ha namnet Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, slik det var semje om etter høyringsrundene i vår. Truleg etter ein glipp i det samme departementet vedtok Kongen i statsråd i sommar at berre Haugaland er med i nemninga på det nye politidistriktet, som utanom Nord-Rogaland også omfattar Sunnhordland-kommunane Stord, Bømlo, Fitjar, Sveio, Ølen og Etne.

— Eg kontakta den politiske leiinga i departementet og spurte om det var råd å gjera vedtaket om. Men eit vedtak hos Kongen i statsråd er endeleg og kan ikkje omgjerast. Difor var det hyggeleg at departementet nyleg informerte om at dei førebur ei ny sak som berre går på namneendring til Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, seier ordførar Magne Rommetveit til Bergens Tidende.

— Dette er ikkje berre ein gimmick. Det går på identitet, at Sunnhordland ikkje berre blir underlagt Haugalandet. Sunnhordland er ikkje Haugaland, seier Rommetveit. Han har fått opplyst at resolusjonen blir fremja neste veke, og trur at også Haugesund synest det er greitt med namneendringa.

Fredag skal Samarbeidsrådet for Sunnhordland handsama ei anna namnesak som handlar om samanslåinga av jordskifterettane i Haugesund og på Stord. Det er gjort framlegg om å døypa instansen for Haugaland jordskifterett, trass i at han blir lokalisert til Stord. Dette vil ikkje sunnhordlendingane finna seg i, og Samarbeidsrådet vil tilrå namnet Sunnhordland og Haugaland jordskifterett.