Det var natt til søndag at det gjekk gale for politimannen på veg heim frå vakt. Like aust for Nordfjordeid køyrde han av vegen.

— Eg ble vekt klokka halv fem. Politiet sto på døra, dei sa eg måtte flytte lastebilen for at bergingsbilen skulle kome til, seier lastebilsjåføren til bt.no.

Gjerder og bærbuskar

Tenestemannen blei ikkje skadd, men utforkøyringa resulterte i materielle skadar i hagane og på lastebilen. Blant anna råka politibilen to gjerder, eit bjørketre, to bærbuskar og nokre prydbuskar.

Politibilen fekk store skadar og kjem til å bli kodemnert.

Lensmann Vebjørn Moa i Eid stadfestar overfor Fjordenes Tidende at ulukkesbilen var frå Stryn. Det er ikkje mistanke om køyring i ruspåverka tilstand.

Saka til spesialeininga

— Saka er rutinemessig sendt til spesialeininga for politisaker for etterforsking, opplyser lensmannen.

Han ønskjer ikkje å spekulere i årsaka til at politibilen hamna utfor vegen. Moa blei orientert om hendinga måndag morgon.

bilNORD2.jpg
PRIVAT