Det var i slutten av mai i år at politibetjenten frå Nordfjord vart meldt til politiet av ein privatperson som meinte tenestemannen gjorde ei uforsvarleg forbikøyring, skriv Fjordenes Tidende.

Episoden skjedde då politibetjenten køyrde forbi to bilar før ein bakketopp og delvis i ein sving. Forbikøyringa skjedde på riksveg 15 ved Bryggja i Vågsøy kommune.

Sunnmøre Politidistrikt har etterforska saka, og har no konkludert med at betjenten handla uforsvarleg.

Lensmann i Vågsøy, Tormod Hvattum seier til Fjordenes Tidende at saka er avslutta, og politibetjenten har godteke bota.