Gjertsen er blant dei mest erfarne politijuristane i Sogn og Fjordane, og har også erfaring som forsvarsadvokat og trygdesjef i Jølster kommune. Han konkurrerer med ti andre kandidatar med bakgrunn frå presse, offentleg verksemd eller organisasjonsliv.

Blant desse er to journalistar i avisa Firda i Førde, Eirik Grane (31) og Kenneth Monsen (42).

Dei øvrige søkarane er Odd Skjelbred (45), Leikanger, Gro Indrebø (39), Førde, Arve Hjelle (40), Førde, Knut Arve Gravingen (35), Rena, Sindre Humberset (30), Sandane, Svein Herstad (28), Naustdal, Grethe Eithun (37), Sogndal og anonym kvinne (43).

Helse Førde ligg under det regionale foretaket Helse Vest, har rundt 1.800 stillingar og eit samla budsjett på ca. 1,1 milliard kroner.