I juli måtte politiet rykkja ut 50 gonger i psykiatriske oppdrag.

— Primæroppgåva vår knyter seg til andre oppgåver enn psykiatri. Det er mange årsverk som går med til dette, seier Gudmundsen til NRK Hordaland. Han viser til at dette er arbeidsoppgåver som andre instansar skal ta seg av. Fylkeslege Helga Arianson seier til NRK at kommunane har ei klår plikt til å leggja til rette ordningar som gjer at pasientar får hjelp når dei treng det psykiske helsevernet.

— Det ideelle målet er å ha eit tilbod 24 timar i døgeret. Men vi treng ekstra ressursar, og vi arbeider intenst for å få på plass ei slik ordning, seier byråd Trude Drevland i Bergen.