TERJE ULVEDAL

Politiutrykkinga i Bremanger sist helg representerer så langt klimaks i ein konflikt som har utspelt seg over fleire veker.

Tidlegare i sommar gav grunneigarane kring Torvangersanden løyve til at selskapet Chefteam, eigd av forretningsmannen William Holden, skulle få plukke hjarteskjel på strendene. Planen var å ta ut kring 40 tonn skjel for eksport til Europa. I hovudsak er det då snakk om Spania, der etterspurnaden etter hjarteskjel er stor.

Sa stopp

På det meste skal meir enn 20 skjelplukkarar frå ulike nasjonar ha vore i arbeid. Både svenske, polske, spanske, portugisiske og eritreiske statsborgarar skal ha tatt del i plukkinga. Mange av dei hadde ikkje arbeidsløyve i landet, ei sak som politiet no etterforskar. I følgje lensmann Hans Rune Strandos i Bremanger skal ikkje Holden ha søkt om arbeidsløyve for dei utanlandske plukkarane.

Dei utanlandske arbeidarane hadde ikkje arbeidskontraktar, og har heller ikkje fått betalinga dei var lova. Enkelte skal ha fått utbetalt ein mindre sum, andre ingenting. I tillegg skuldar firmaet husleige fleire stader på Bremangerlandet.

Då desse forholda blei kjende, sette grunneigarane foten ned og stoppa skjelhaustinga i strandsona.

— Det minste vi kan forvente er at arbeidarane får lønn, og at eigaren av selskapet gjer opp for seg hos husvertar og andre i bygda, forklarte grunneigar Asbjørn Torvanger i Firdaposten.

Jarnstenger

Men det var då Holden sist søndag kom for å hente 1,2 tonn skjel som låg plukka og klar på Torvangersanden, at det kom til verkeleg konfrontasjon. Fire polske arbeidarar prøvde å stoppe skjeltransporten. Den dramatiske meldinga som kom inn til politiet var at det blei nytta jarnstenger og ein bil. Då politiet kom til staden var traileren sperra inne av ein bil, men elles var situasjonen roleg. Politiet fekk overtalt polakkane til å flytte bilen, og vogntoget kunne setje kursen mot kontinentet.

Til avisa Fjordenes Tidende fortel dei fire polakkane at dei hadde fått beskjed om at skjela skulle hentast måndag, og at dei då skulle få i alle fall delar av pengane Holden skulda dei. Men då dei polske arbeidarane køyrde forbi stranda søndag, såg dei at skjela var vekke. Etter litt leiting fann dei vogntoget.

Ville ha pengane

— Vi ville ha pengane før skjela blei henta. Difor prøvde vi å stoppe bilen, fortel Ewa Zanadzka, ein av dei fire polske skjelplukkarane til avisa. Ho legg ikkje skjul på at dei kjenner seg lurte.

— Får vi pengane for skjela, reiser vi truleg heim att til Polen. Men får vi ikkje betaling, vil vi få problem med å kome oss heim.

Det lukkast i går ikkje Bergens Tidende å kome i kontakt med William Holden. Selskapet Chefteam er eit enkeltmannsføretak registrert i Brumunddal. Holden har tidlegare signalisert at han vil vurdere søksmål både mot utspel som har kome i pressa, og for å få kompensasjon for tapt inntekt etter at grunneigarane sa stopp.