TERJE ULVEDAL

terje.ulvedal@bt.no

Mannen er send i ambulanse til Førde sentralsjukehus, men det er ukjent kor store skader han har fått.

Ved operasjonssentralen til politiet i Florø får Bergens Tidende opplyst at mannen datt ned frå ein stige. Han har glidd og mista fotfestet, og falle kring fem meter ned i lasterommet. Der landa han på ryggen.

Båten mannen arbeidde på skal vere registrert i Antigua i Karibia, og låg til kai ved oljebasen i Florø for å laste røyr. Politiet er no på staden.