Natt til fredag blei kantina på skipsverftet i Leikanger forsøkt påtent, og fredag kveld held dramatikken fram.

— To polakkar har slåss i kveld, og ein av dei er sendt til lege med ein hodeskade, melder politiet i Sogn og Fjordane.

Dei avkreftar at det vart brukt kniv i slåsskampen, slik fleire media melder fredag kveld. Men det blir ikkje utelukka at andre gjenstander er blitt brukt som slagvåpen.

Etter det politiet har funne ut så langt har slåsskampen ikkje noko samband med eldspåsetjinga tidlegare fredag. Motivet til slåsskampen er så langt ukjend.