Tidlegare denne veka fekk Førde-ordførar Wilhelm Sandal overlevert meir enn 5800 underskrifter mot den omdiskuterte nye vegen langs Jølstra i Førde. Eit knapt fleirtal i kommunestyret har vedtatt ein reguleringsplan for sentrumsområdet som er møtt med sterke protestar.

Men ifølgje Firda er ei rekkje av namna på listene tullenamn. I tillegg til dei før nemnde har eksempelvis fotballkjendisane Egil «Drillo» Olsen og Åge Hareide skrive under. Dessutan både Nissefar og Nissemor.

— Listene er søppel, meiner Aps ordførarkandidat, Sveinung Nordtveit. Han representerer eit parti som har vore for Elvegata, og har gått gjennom listene.

— Enkelte namn går att bortimot 20 gonger, påpeikar han.

Også ordførar Wilhelm Sandal har studert listene, men han er langt frå så kategorisk som Nordtveit.

— Det er ein del tullenamn, vedgår Sandal, som likevel ikkje trur det dreiar seg om meir enn nokre hundre.

— Dette reduserer ikkje hovudinntrykket av at dette har vore ein kjempeaksjon, seier ordføraren.