Ifølgje statistikkane oppgav heile 43 prosent av innringjarane at poker var eit problemspel.

Lotteritilsynet driv hjelpelinja, ein hjelpetelefon for speleavhengige og deira pårørande der dei kan få råd og informasjon om behandling av speleavhengigheit. Sidan linja vart opna i 2003, har det i 2008 for første gong kome inn under 1000 samtalar om speleproblem. Det eksakte taler var 814 samtalar. Årsaka til nedgangen er at 2008 var det første året utan gevinstautomatar på offentlege plassar.

I følgje statistikken er det ein sterk skilnad mellom kvinner og menn sine synspunkt om problemspel. Heile 60 prosent av alle menn som ringjer inn for første gong til hjelpelinja seier at poker er eit problemspel, medan mesteparten av kvinnene gir opp at dei har problem med bingo og bingoautomatar. Statistikken viser også at det er fleire menn enn kvinner som har problem med odds, hestespel og tipping.

Odds er oppgitt som eit hovudproblemspel i heile 13 prosent av samtalane som kom inn til hjelpelinja. Talet for innringjarar som har bingoautomatar, hestespel og kasinospel på nettet som hovudproblem, var åtte prosent ved utgangen av 2008.

Soldis Årseth