Bulken IL si tradisjonsrike innandørsturnering i fotball samlar kameratflokkane seg i lag der halve moroa er å finna på originale namn.

Triumf i femte finale

Poetry in Motion har nådd finalen fire år tidlegare, men tapt for lag med sterke innslag av A-lagsspelarar i Fotballklubben Voss. Men 2008 vart året då Ulvik feira hundreårsdagen for poeten Olav H. Hauge, og Voss fekk poesi i rørsle heilt til topps i fotballturneringa. Pickin’ Apples vart slått 4-3 i ein spanande finale.

Rørslepoeten Dan Børge Høvik vart toppscorar i turneringa med 12 mål, medan epleplukkarane Hallvard Kolltveit og Phillip Ulveseth (målvakt) fekk bestemannspremiane.

Guds hand

Lars Arne Horvei fekk bestemannspremien i B-sluttspelet og overkvalifiserte seg til ei fair play-utmerking då han fortalde dommaren at han hadde brukt handa då «alle» trudde at han hadde utlikna til 1-1 for Turbojugend i finalen mot True Believers of Heavy Metal. Sistnemnde vann til slutt med 2-0. Dei vann B-finalen også i fjor.

Gaute Mykkeltveit, Turbojugend, vart toppscorar i B-sluttspelet og Espen Varberg, FC Drinks, vart kåra til beste målvakt.

Knoll og Tott

Veninner frå damelaget til Fbk. Voss dominerte dei to finalelaga i dameklassen. Ei scoring av Tonje Dagsvik i finalen vart avgjerande, og Tott slo Knoll med 1-0. Ikkje uventa, vart landslagsspelar Laila Himle kåra til beste spelar.

SIKRING: Torstein Brandseth (kvit) i kamp om ballen med Håkon Seim (svart) medan målvakt Daniel Hilland avventar.