— Vi har aldri sagt nokon konkret dato, berre årstalet 2004, seier Magnar Alsaker i Samferdsledepartementet si transportavdeling til Bergens Tidende.

«Utsett»

Aktørar som står klart til å rekna tilbod, har fått melding om at tilbodspapira ikkje blir klare i inneverande halvår. Dette oppfattar dei som ei utsetjing. Det er departementet ikkje heilt samd i, men Alsaker vedgår at den departementale prosjektgruppa som jobbar med saka, har vanskelege prinsippspørsmål å avklara.

— Di meir du arbeider med dette, dess klarare blir det at det ikkje er lett, vedgår Alsaker.

Staten betalar i dag årlege bidrag til NSB for å halda lokaltrafikken på Vossebanen på det nivået ein har. Før vart slikt kalla subsidiar, i dag «statleg kjøp» av transporteneste. Konkurransen vil i utgangspunktet gå ut på å tilby tenestene for ein lågare pris. Vanskane melder seg når det skal stillast krav til togmateriell og billettsamarbeid, eller om ein tilbydar gir god pris på eit avvikande tal avgangar.

Berre lokaltog?

— Siktemålet er at det skal bli billegare for staten og betre for trafikantane, seier Alsaker.

I dag har reisande mellom Bergen og Voss fritt val mellom lokaltog og fjerntog. Alle Oslo-tog stoggar på Voss og han ta på og setja av passasjerar i begge retningar. NSB skal framleis køyra fjerntoga. Dersom eit anna selskap vinn kampen om lokaltrafikken, er publikum redd for at valfridomen blir borte. Det reelle togtilbodet kan bli kraftig redusert. Pendlarane er redde for å måtte kjøpa dobbelt sett med månadsbillettar.

Magnar Alsaker opplyser at billettsamarbeid er blant spørsmåla som prosjektgruppa har under vurdering, men førebels ikkje har avklara.