– Hendinga er for så vidt stadfesta av begge partar, seier fylkeslege Petter Øgar.

Episoden skjedde i sommar på eit kommunalt omsorgssenter i Sogn. Saka er no meldt inn til Helsedirektoratet.

Autorisert hjelpepleiar – Vi har fått stadfesta at det dreier seg om ein autorisert hjelpepleiar, og derfor er dette ei sak vi kjem til å forfølgje. Vi handsamar dette som ei regulær tilsynssak, seier fylkeslegen.

Øgar opplyser at saka fram til no har vore handsama som ei personalsak i den aktuelle kommunen i Sogn, og at den kvinnelege hjelpepleiaren skal ha fått ein korreks frå arbeidsgjevaren. Fylkeslegen understrekar at saka ikkje er ferdig utgreidd.

– Etter det vi har fått opplyst, så var øyrefiken ein spontan reaksjon på verbale utfall frå pleiepasienten si side. Så langt har vi ingen opplysningar om kva som faktisk vart sagt. Vi har no bede om ei uttale frå hjelpepleiaren si side, slik at vi også får hennar versjon av det som skjedde, seier han. – Men det er klart at dette er ein beklageleg episode som ingen partar ville skulle skje.

– Svært alvorleg Øgar vil ikkje spekulere i kva reaksjonar som kan vere aktuelle i ei slik sak, bortsett frå at episoden vil bli vurdert opp mot helsepersonellova. Ifølgje Øgar har det ikkje vore klagesaker mot den aktuelle hjelpepleiaren tidlegare.

– Vi får sjå om det rette er å kople dette opp mot prinsippet om forsvarleg behandling, eller om det skal gå på ueigna oppførsel, seier han.

– Dette tar vi stilling til når alle opplysningar ligg på bordet.

– Kan hjelpepleiaren halde fram med å ha direkte kontakt med den aktuelle pasienten etter det som har skjedd her?

– Det spørsmålet blir blant dei tinga vi no må setje oss ned og vurdere. Dette er ei svært alvorleg hending, men eg vil ikkje spekulere i utfallet før vi har fått inn alle fakta i saka, seier fylkeslege Petter Øgar.