–Vi er lik poteten, kan brukast til alt, seier Ingunn Gjuvsland, tillitsvald ved Varaldsøy aldersheim til avisa Kvinnheringen.

1. oktober blei postkontoret på øya med 280 innbyggjarar i Hardangerfjorden lagt ned.

Då den faste postmannen gjekk av med pensjon, måtte Posten Norge jakta nye løysingar for øysamfunnet med 280 innbyggjarar.

– Vi vart spurde og syntes dette var ei god løysing. Men vi stilte eit krav: Inntektene frå postavtalen skulle øyremerkast aldersheimen, fortel Gjuvsland.

I tillegg til å stella eldre og sjuke, står ettermiddagsvaktene i postskranken på aldersheimen no og deler ut pakkar, rekommanderte sendingar, postoppkravsendingar og andre sendingskategoriar som landpostbodet ikkje får levert ut til kundane i landpostruta.