• Små ting skal til for å møte pårørande. Eit handtrykk eller berre ein kopp kaffi. Det fortalde Fredrik Hasler til sjukepleiarstudentar i Bergen.

BT har tidlegare fortalt om to rapportar frå Folkehelseinstituttet som viser at pårørande til psykisk sjuke stort sett har negative erfaringar i møte med psykiatrien.

På Høgskolen i Bergen foregår det no eit arbeid for å auke framtidige sjukepleiarar si merksemd og kunnskap ovanfor dei pårørande.

Førre veke underviste Christine Lingjærde og Fredrik Hasler for avgangsstudentane.

Begge har opplevd at ein av deira kjære har blitt psykisk sjuk, som mor og som bror.

Dei fortalde om korleis livssituasjonen endra seg dramatisk då ein i familien blei psykisk sjuk, og om møtet med helsevesenet.

— Vi ønskjer at studentane våre skal få møte pårørande til psykisk sjuke og ta lærdom av deira erfaringar, seier høgskulelektor Oscar Tranvåg.

- Eg var livredd

— Det var som å dukke ned i eit mareritt eg ikkje forstod. Broren min hadde det grufullt, og eg visste ikkje korleis eg kunne hjelpe han.

Hasler fortel om då veslebroren for ti år sidan byrja å utvikle schizofreni. Det er tydeleg at temaet er vanskeleg å snakke om, og Hasler må ta små pausar undervegs. Det er heilt stille i klasserommet medan han snakkar.

— Eg visste aldri om eg gjorde det rette eller ikkje, og fekk alltid skuldkjensle uansett kva eg gjorde, fortel Hasler.

Han fortel om ei vanskeleg tid som var prega av både sinne, kjærleik, angst og fortviling. Hasler blei deprimert, og greidde ikkje oppretthalde studiane.

— Møtet med helsevesenet var skremmande. Eg hadde mange spørsmål, men fekk få svar, fortel Christine Lingjærde om då dottera blei psykisk sjuk.

Blodtøft møte

— Det var blodtøft, men samtidig ei stor lette. Slik skildrar Hasler det første møtet med psykiatrien som pårørande.

På Sandviken sjukehus blei han lova ei tilbakemelding frå personalet som aldri kom. Medan han venta ved telefonen, auka skuldkjensla.

— Eg blei meir og meir overtydd om at dei ikkje ville snakke med svinet som hadde øydelagt bror min, seier Hasler.

Tidvis fekk han ikkje prate med broren i telefonen.

— I ettertid skulle eg ønske at nokon hadde fortalt meg at dette var heilt normalt, så eg slapp å bli så uroleg, seier Hasler.

Empati? Ja, takk!

Dei pårørande ønskjer å bli møtt med meir forståing.

— Det kan vere små ting som eit smil eller eit par roande ord, seier Lingjærde.

Ho etterlyser større ressursar i psykiatrien som vil gje sjukepleiarane meir tid i møte med pasientar og pårørande.

Dei pårørande meiner det er viktig å etablere eit tillitsforhold mellom pårørande, helsevesen og pasient, først og fremst av omsyn til pasienten.

— På Haukeland blei eg sett og ønskt velkommen av personalet, og det gjorde at eg fekk tillit til helsevesenet. Då bror min forstod det pusta han letta ut, fortel Hasler.

Sjukepleiarstudentane fekk mykje å tenkje på etter besøket.

— Det var veldig lærerikt å høyre på dei pårørande, vi fekk eit heilt anna perspektiv, seier Gunn Mariann Følling.

Studievenninna samtykkjer.

— Dette kjem eg til å ta med meg vidare. Trass i teieplikt, kan ein snakke med dei pårørande og vise omsorg og forståing for situasjonen dei er i, seier Torill Bruntveit.

RETT I BAKKEN: Fredrik Hasler samenliknar det å vere pårørande til psykisk sjuke med at teppet blir dregen under ein. - Ein går rett i bakken og livet endrar seg fullstendig. Til venstre høgskulelektor Oscar Tranvåg og pårørande Christine Lingjærde.