— Vår forhandlar er ivrig etter å liggje ti øre under dei andre. Vi støttar han sjølvsagt fullt ut, seier regionsjef for Esso i Hordaland og Sogn og Fjordane, Nils Sanne.

— Det er altså Esso og Oddbjørn Farsund som startar alle bensinkrigane i Førde?

— Neiiii, ikkje alle. Men kanskje 99 prosent av dei?

— Men likevel, Sanne, kvifor har kampen om denne ti-øringen fått så store utslag i ein liten norsk by?

— No er ikkje Førde den einaste plassen der det er priskrig på bensin. Men det er rett at det har vore store utslag i Førde. Grunnen til at tilstanden ikkje er den same alle plassar, kan vere ulike. Enkelte stadar aksepterer dei andre at vi ligg ti øre under, andre plassar vil ikkje våre forhandlarar ta ein slik kamp, seier Sanne.

Tiøre-prinsippet

Det er oljeselskapa som betaler for priskrigen i Førde. Esso har som prinsipp at dei skal ligge ti øre under Shell og Statoil. Enkelt sagt er grunnen at dei to konkurrentane har ordningar med rabattkort som automatisk gir ti øre avslag i forhold til pumpeprisen.

Priskrigen startar dermed med at Esso set prisen ned ti øre. Så følgjer konkurrentane etter. Det gjer at Esso set ned med nye ti øre. Dermed er karusellen til forbrukaranes beste i gang, like til ein eller annan hoppar av. Prisen går så opp att til eit normalnivå, men sjeldan lenge. Brått kan priskrigen vere i full gang att.

Taper så det susar

— Slik det har vore i Førde denne helga, har vi tapt pengar så det susar, seier Nils Sanne. Då Bergens Tidende i går ettermiddag snakka med regionsjefen, varsla han at dei straks ville gjere grep for å få prisen opp att. Smertegrensa var tydelegvis nådd.

— Vi kjem til å trekkje tilbake priskutten vi har gitt til stasjonen, sa Sanne. Og berre kort tid seinare var bensinprisane tilbake på normalt nivå i Førde. Men det varer ikkje nødvendigvis så lenge.

— Nei, om ei stund er vi nok i gang att, trur Esso-sjefen.

«GAME OVER»: Oddbjørn Farsund og Esso skrudde i går ettermiddag opp att pumpeprisen til normalt nivå. Esso startar 99 prosent av alle bensinpriskrigane i Førde.
FOTO: ODDLEIV APNESETH