— Ei liknande plattformfjerning har aldri vore utført tidlegare, og det er all grunn til å gratulera alle involverte med innsatsen, seier adm.dir. Torleif Gram i Aker Offshore Partner (AOP) som har hatt ansvar for kontrakten med oljeselskapet Phillips på fjerning av plattformkjempa «Maureen» frå britisk sektor i Nordsjøen. - Eit vanskeleg prosjekt som er utført med suksess, konkluderte Stig S. Kvendseth i Phillips på Stord i går ettermiddag. Der var den 110.000 tonn tunge stålplattforma «Maureen» i ferd med å bli ankra opp i Digernessundet etter ein 82 timars slepetur frå feltet på britisk sektor, like ved det norske Sleipner-feltet. 239 meter høg Og det er litt av ei kjempe som no ruvar i landskapet i Sunnhordland etter å ha pumpa opp olje frå havet sidan 1983. 223 millionar tonn råolje har «Maureen» produsert, fram til produksjonen blei stansa i oktober 1999. 239 meter strekkjer plattforma seg frå botn til toppen av flammetårnet, ei plattform som er klar for nye oppdrag. - Ein av dei spesielle tinga med Maureen-plattforma er at den blei laga med tanke på gjenbruk. Phillips har i fem år prøvd å finna nye selskap som kan overta plattforma til meir oljeproduksjon, noko ho vil kunna utføra i 20-30 år til, etter ei viss ombygging. Me har vore i kontakt med nærare hundre interessentar, og har frist på oss til like over nyttår med å finna kjøpar til plattforma, men etter som tida går svinn håpet om ei slik løysing, seier Stig S. Kvendseth i Phillips. Meir Aker-arbeid Dermed kan det bli meir arbeid for Aker Maritime-bedriftene som i fellesskap og i samarbeid med ekspertar i Phillips har stått for ein fjerningsjobb verda aldri har sett maken til. Oppdraget med å løfta plattforma frå havdjupet på 95 meter der ho kvilte på tre 2000 kvadratmeter store stålfundament som hadde planta seg 3,4 meter ned i botnen, demonstrerte norsk ingeniørkunst i verdsklasse. Kontrakten på den delen av jobben var verdt 700 millionar kroner.- Blir me ikkje kvitt Maureen-plattforma på anna vis, er det snakk om skroting og eventuelt gjenbruk av delar av plattforma. Mellom anna er det lansert planar om bruka ein del av understellet til kai ved Aker Stord. Det er Aker som skal utføra ei eventuell opphogging av plattforma, også det ein kontrakt til 700 millionar kroner, stadfestar Kvendseth.Hogginga skal i tilfelle skje ved Aker Stord sitt anlegg på Eldøyane, som også stod for hogginga av første plattform frå norsk sektor. Stort gjenbruk - Me klarte å få til gjenbruk av 97-98 prosent av Esso Odin, og har som mål å klara tilsvarande resirkulering her. Men dette er ein langt større og meir samansett jobb, seier Kolto Pedersen, prosjektleiar for Aker for trinn to av kontrakten. Bergensaren Kåre Kristing har hatt ansvar for den fjerningsjobben som alt er utført, der det står igjen å henta den 131 meter høge lastebøyen og slepa også den til Stord.- Det arbeidet reknar me med å ha sluttført 8. juli, seier Kristing.Endar Maureen-plattforma som spiker, vil det gi arbeid til 120 tilsette ved Aker Stord det året ein slik opphoggingsjobb varer.