Kari Gjøsæter Urang og Heidi Rolfsnes Borlaug sveisar duk som skal bli ein ny rubbhall. Sidan 1968 har store plasthallar blitt produsert i fabrikken til Rubb Industri AS og Rubb Hall AS på Rubbestadneset på Bømlo.

Før ein ferdig hall er i hendene på kunden er det tre selskap som er inne i biletet. Plastduken vert laga av Rubb Industri AS. Stålskjelettet vert laga av Rubb Hall AS. Bergenske W. Giertsen AS eig halvparten av Rubb Industri, og har i snart førti år hatt hendene på salsleddet.

Men frå 15. august i år er det slutt. Partnarane vert konkurrentar.

Ny produksjon på Sotra og Lindås

Til hausten startar W. Giertsen HallSystem AS sin eigen hallproduksjon. Duken skal produserast i Lindås, stålskjelettet på Sotra. Investeringa på Sotra og Lindås står samla sett til over 30 millionar kroner.

– Produksjonen vert automatisert med robotar. Me har investert i det beste innan teknologi og satsar på effektivitet, lseier Wilhelm Giertsen, dagleg leiar i W. Giertsen AS.

Av rubbhallane på Bømlo går det meste til eksport. Giertsen sel hallar både nasjonalt og internasjonalt. Men Giertsen flyttar ikkje produksjonen til eit billegare land.

– Me trur på produksjon i nærmiljøet. Me trur på lokal hjernekraft i eit høgteknologisk miljø, seier Bjørn Nordvik, dagleg leiar i W. Giertsen HallSystem AS.

Har merkevara

For Rubb Hallane er no Finn Atle Haldorsen, dagleg leiar i Rubb Industri AS og styreleiar i Rubb Hall AS, i ferd med å byggje opp ei eiga salsavdeling.

– Det vert ei stor utfordring for oss, seier han, andregenerasjons leiar i Rubb Industri AS.

Skulle ein ha fulgt hans ønske, ville samarbeidet med Giertsen halde fram.

– Me har merkevara og fordelen av at me no kan selje rett frå produsent. Men dei har alle kundane, og kjenner alle salsledda, seier Finn Atle Haldorsen.