I 1851 kom der ei ny lov som stilte krav til storleiken på kyrkjene i Noreg. Ei soknekyrkje skulle vera så stor at 3/10 av folketalet fekk plass. Strandvik sokn omfatta den gongen bygdene Vinnes og Strandvik, som i dag, og i tillegg Sævareid, Baldersheim, Nordtveit og grendene rundt Lygrepollen og Lukksund. Den gamle kyrkja frå 1628 var for lita.

Private eigarar

Det var tre kyrkjer i Fusa på denne tida, på Fusa, Holdhus og i Strandvik. Alle var i privat eige. Den norske kongemakta hadde seld unna 620 kyrkjer i 1720-åra for å skaffa pengar til ei slunken statskasse etter tapsbringande krigføring. Kyrkja i Strandvik var eigd av sævareidfjordingane Axel Nyegaard, Lars Meidell og Paul Haugen. Dei må seiast å ha vore velvillige eigarar: I motsetnad til dei andre kyrkjeeigarane i Fusa, tok dei på seg å få reist ny og større kyrkje. Ho stod ferdig i 1857 og hadde då 550 sitjeplassar. Det var største kyrkja i Fusa prestegjeld og i heile Midthordland.

Soknestyret var ikkje nøgde med måten eigarane vedlikeheldt – eller forsømde vedlikehaldet av kyrkja på. I 1869 fekk soknestyret kjøpa nyekyrkja for 2000 spesiedalar , og frå 1.1.1870 har ho vore i soknet si eige.

Jubileum

23. september i år vart 150-årsjubileet feira med jubileumsgudsteneste, kyrkjevandring og festmiddag. Strandvik kyrkje er teikna av arkitekt Stockfleth og byggmeisteren var Johs. Øvsthus frå Osterøy. Desse to stod òg bak hovudkyrkja på Fusa , som vart innvigd 24. november 1861. November har vore den store kyrkjevigslingsmånaden i Fusa: 15. november er det på dagen 150 sidan Strandvik kyrkje vart vigsla. 20.11.1890 vart Hålandsdal kyrkje på Eide vigsla, og 26.11.1961 Sævareid kapell .

Sundvor kyrkje har 80-årsjubileum i haust. Ho vart vigsla 14. oktober 1927. Ombygging

Alt i 1883 vart kyrkja bygd om til nokolunde slik ho er i dag . Dei langsgåande galleria vart fjerna, og det vart laga tønnekvelv over midtskipet. Kyrkja vart måla innvendig, og det vart sett opp ny preikestol. Altertavla stammar òg frå dette året. Det er ein Rubens-kopi måla av C. Christiansen.

Kjelder:

Skaathun, O. B. 1961: Soga for Fusa, Hålandsdal og Strandvik.

Skåtun, Knut 2007: ”Strandvik kyrkje jubilerer. Norsk kyrkjehistorie i ei fjordbygd på Vestlandet” i Fusa kyrkjelydblad nr. 4 – september 2007. Vangsnes, Ella Marie Brekke 2005: ”Heilt andre tider. Fusa 1900-2000”

Lenker

Bileta er henta frå biletsamlinga ved Lokalhistorisk Arkiv i Fusa (LAF)

Orgelmusikk frå Strandvik kyrkje v/kantor Iman de Zwarte: Kirken den er et gammelt hus. Lindemans koral bearbeidet i jazzstil: hør den her.

For 100-150 år sidan var preikesøndagen noko samfunnet elles tok omsyn til og innretta seg etter: På kyrkjebakken møttest folk frå ymse bygder, lensmannen kom med sine kunngjeringar, slektningar fekk snakkast, det vart seld grisungar og lova bort døtrer. Biletet er frå Strandvik i 1894.
Selmer - LAF
3)Strandvikkyrkja var den største i Fusa prestegjeld, og kyrkja hadde ein sentral plass i bygda. Slik såg det ut i Strandvik tidleg på 1900-tal.
LAF
Strandvik kyrkje fyller 150 år i haust. Biletet er frå 1901.
LAF
2005: Og slik ser ho ut i dag.
EMB Vangsnes - LAF
RUNE STØLÅS