TERJE ULVEDAL

— Eg har ei grunnleggjande tru på at alle menneske har rett til eit verdig liv. Men eg kan ikkje skjøne at det er verdig å plassere mannen i eit lite bygdesamfunn der han automatisk vil bli stigmatisert. Etter mi meining vil dette vere det motsette av å gje han eit verdig liv, seier Olav Steimler.

Steimler, som sjølv slo seg ned på Reksta i fjor, seier fleire familiar tenkjer på å pakke flyttelasset dersom mannen blir busett på øya.

Redd systemet skal svikte

Mannen er tidlegare straffedømd fleire gonger, mellom anna for valdtekt. Han har no sona ferdig, og er innanfor det psykiatriske hjelpeapparatet.

— Det er ikkje mennesket vi fryktar. Men vi er redde for er at systemet som skal byggjast opp rundt han, skal svikte. Eg har ikkje tillit til at helsevesenet og styremaktene klarer å gjere denne jobben, utan den minste svikt.

I overkant av 100 personar bur på Reksta. Saka har skapt frykt og opprørt øybuarane, men også verka splittande. Bortsett frå Olav Steimler, som leiar eit arbeidsutval som til eit fellesmøte neste veke skal kome med framlegg til korleis bygdesamfunnet skal stille seg til planane, ønskjer ingen av øybuarane Bergens Tidende har vore i kontakt med siste dagane å stå fram offentleg.

Fengselsliknande

På eit informasjonsmøte på Reksta tidleg denne månaden presenterte representantar frå Helse Førde planane om å la mannen busetje seg på øya. Meininga er å byggje opp eit omsorgstilbod i lærarbustaden i Rognaldsvåg, der tettaste busetnaden er på øya. Bustaden ligg like ved barnehage og skule. Frå 1. september neste år skal tilbodet vere heilt oppe å gå. Då skal mannen ha tilsyn 24 timar i døgnet.

— I praksis snakkar vi om eit fengselsliknande tiltak. Plasseringa i ein bustad 50 meter på skulen, gjer at frykta blir ekstra stor. Det er ikkje sikkert redsla er reell, men det treng den heller ikkje vere, seier Steimler.

Han har skrive brev til formannskapet og leiarane for dei politiske partia i kommunen, og bedt dei sjå på saka. Ordførar Bente Frøyen Steindal seier Steimlers brev og andre reaksjonar frå øysamfunnet er referert for politikarane, men at dette er ei sak for administrasjonen.

— Dette er ein person som har sona si straff. Han treng eit omsorgstilbod, og kan sjølv bestemme kvar han vil slå seg ned. Men eg skjønar uroa folk kjenner på, seier ordføraren.

Vurderer å flytte

Olav Steimler fortel at fleire familiar vurderer å flytte frå øysamfunnet etter opplysningane om at den valdsdømde mannen skal få busetje seg i lærarbustaden:

— Den siste tida har fleire familiar slått seg ned her. No vurderer enkelte av dei å reise igjen. Eg kjenner også til familiar som tenkjer på å flytte hit, men som etter at dette blei kjent har lagt flytteplanane på is.

Steimler meiner kommunen og Helse Førde utset eit sårbart lokalmiljø for ei stor belastning.

— Det kanskje beste argumentet vi har for å få folk til å slå seg ned her, er at folk opplever det som trygt å bu her, seier han.

Hadde eigna bustad

Tenesteleiar Lasse Seim i Flora kommune seier det ikkje er aktuelt å gå tilbake på planane.

— Når Rognaldsvåg blei valt er det fordi vi hadde ein eigna bustad der, og at dette totalt sett gav beste tilbodet. Mannen har dessutan sjølv valt Reksta. Då er det vår plikt å stille til rådvelde apparatet som trengst, seier Seim, som reagerer på at enkelte framstiller tiltaket som eit fengsel i open regi:

— Dette er eit omsorgstiltak på lik linje med andre.

— Men er det ikkje eit poeng at han lett vil bli stigmatisert i eit så lite samfunn?

— I Flora er ikkje forholda større enn at det etter mitt syn går ut på eitt om han bur i Florø sentrum eller på ei av øyane.