Fylkesmannen i Hordaland går sterkt imot, men Fitjar kommune ser Årskog industriområde som det einaste ledige arealet å setja opp enkle husvære for bustadlause alkohol— og stoffavhengige. Den aktuelle tomta ligg tre kilometer utanfor sentrum, tett ved ein trafikkert veg - dels utan fortau, og vel to hundre meter frå ein skytebane.

— Det er ikkje ideelt. Men eg føler det er ei god plassering ut frå rådande forhold. Trass lang leiting er det ikkje funne andre alternativ, seier rådmann Atle Tornes.

Ifølgje rådmannen har manglande butilbod til ei handfull av kommunens rusavhengige blitt prekært denne sommaren. Folk har flytta frå stad til stad og tilfeldige adresser.

- Betre enn i dag

— Eg trur det blir betre med det nye tilbodet enn det dei har i dag, seier Tornes.

Alle kommunar har krav etter sosialtenestelova om å tilby bustad til dei som ikkje sjølve kan ta vare på interessene sine i bustadmarknaden. Det er derfor drifts- og vedlikehaldsavdelinga i Fitjar har søkt om dispensasjon for å oppføra tre modulbygg til bustadføremål på industrifeltet. Det er tidlegare gitt dispensasjon for å ominnreia den tidlegare batterifabrikken i Årskog til bueiningar.

— Etter Fylkesmannen si vurdering synest ikkje aktuelle eigedom å vera eigna til bustadføremål, slik at det er sterke omsyn som talar imot å gi dispensasjon, heiter det i uttalen frå Fylkesmannen i Hordaland.

Tommelen ned

Avdeling for plan og utvikling i Fitjar kommune var også innstilt på å venda tommelen ned for omreguleringa, og etterlyste ei vurdering av andre aktuelle tomter. Men etter merknader frå rådmann Atle Tornes gjekk komité for plan og miljø inn for å tillata omregulering til bustadføremål for rusavhengige i Årskog.

— Nødvendige vedtak er fatta, vi er klare til å planera tomta og henta inn tilbod på modulbygga, seier rådmann Atle Tornes.

Helse- og sosialsjefen i Fitjar, Anne Berit H. Johansen seier at tilbodet i Årskog industriområde er mellombels, og at det blir arbeidd med eit langsiktig tilbod for rusmisbrukarar i eit eige nybygg. Ho omtalar tilbodet i Årskog som eit fint modulbygg, ikkje som brakker.

Knallblå brakker

I Odda har kommunen i år oppført tre liknande modulbustader for rusavhengige på ei leigd privattomt på Kalvanes, midtvegs mellom Odda sentrum og Eitrheim - knallblå kontainerliknande brakker.

Områdeleiar for rusomsorg ved Nav Odda, Roald A. Haug, seier at det i planlegginga blei lagt vekt på at husværa skulle vera noko skjerma, men på same tid ikkje for langt unna eit naturleg bumiljø og sentrum.

— Modulane er knapt tekne i bruk, så vi har lite erfaring å byggja på, seier Hauge.

— Det har vore nokre uromeldingar frå naboar, og litt bossproblematikk. Modulbygget burde kanskje sett litt meir ut som hus. Folk har det best når dei får bu i bygningar som ser ut som vanlege hus, seier Roald A. Haug.