Det var i går hektisk møteverksemd i rådhuset til Fjell kommune på Straume, etter at BT fortalde at ein utbyggjar følte seg pressa av ein toppbyråkrat.

Bakgrunnen var ein telefonsamtale, der fagleiar for plansaker, Einar Lunde, går langt i å seie at dei vil avslå ei reguleringssak viss ikkje utbyggjaren sa frå seg retten til å krevje redusert plansaksgebyr.

Utbyggjaren, Alf-Petter Gjerstad, tok opp samtalen, eit opptak rådmann Steinar Nesse og plan— og utbyggingssjef Willy Sørensen fekk høyre i går.

Etter det fulgte fleire møter, som endte med at Lunde vart frikjent:

— Eg ser at ting er uheldig sagt, men eg ser ikkje noko i saka som kan gje grunnlag for å seie at nokon misbrukar si stilling eller noko slikt, seier Sørensen, som er Lundes nærmaste overordna.

Og han held fram:

— Det er klossete, men det er forskjell mellom å vere uheldig og skyte eit skot i lufta, og det å myrde nokon der og då. Det eine er klossete, det andre overlagt, seier han.

- Uheldig

I samtalen utmeislar Lunde, som har 30 års fartstid i Fjell kommune, berre to alternativ for utbyggjar Gjerstad: Anten at administrasjonen legg fram reguleringsplanen på etatens julefullmakt, noko som ville ført til at dei avslår heile planen. Som Lunde seier det sjølv i samtalen: «vi kan behandle det deligert og avslå heile planen».

Det andre alternativet er at Gjerstad skriv under på at han ikkje krev redusert gebyr. Først då kan dei sende saka til politisk behandling, der Lunde reknar med at planen får medhald.

— Det er litt klossete sagt. Den julefullmakta var aldri anledning til å bruke. Det at Lunde nemnd gebyra var uheldig. Den koblinga der er egentlig ikkje aktuell, seier Sørensen.

Det tredje alternativet, som ville vore det beste for Gjerstad, nemner ikkje Lunde: At etaten fremjar saka for politisk behandling, og aksepterar at Gjerstad får reduksjon i byggesaksgebyret.

Også her meiner Sørensen at Lunde har vore klossete, som ikkje nemnde dette alternativet

— Forstår du at utbyggjar oppfatta det heile som eit ultimatum?

- Eg kan forstå at dette kan misforståast av utbyggjar, ja, seier Sørensen

Vil sjekke rutinene

— Så det einaste Lunde har gjort seg skuld i denne saka er å vere uklar?

— Ja, eg oppfatta at den telefonsamtalen kunne vore meir presis på enkelte punkt, men at det ikkje er snakk om ei kobling til at han har misbrukt si makt, slik eg tolka det som står i avisa.

— Vil saka få nokon konsekvens for Lunde?

— Det er eit personalspørsmål som eg ikkje vil ta opp med avisa.

— Vil det få andre konsekvensar?

— Det er klart at vi vil drøfte saka i høve til kva vi kan gjere betre, og om det er noko å lære av den, seier Sørensen.

Arne Nilsen