Det er ingeniør Johannes Sørli på Stord som har skissert løysinga. Tunnelen til Sørli passerer under Tyssøy, rett sør for Bjorøy.

— Der er det ikkje så djupt. Å døma etter sjøkartet vil tunnelen gå maksimalt 150 meter under sjøflata. Når han likevel vert så lang som 9 kilometer, er det på grunn av nye EU-normer for stiging i tunnelar. Eg har lagt inn ei stiging på 5 prosent, seier Johannes Sørli til Bergens Tidende.

Det har vore på tale ei stund å finna eit nytt vegsamband mellom Bergen og Sotra. Folketalet på øyane i vest passerer snart 30.000. Trafikken over Sotrabrua er på godt over 20.000 bilar i døgeret, og vil nå 30.000 om få år dersom ingenting vert gjort for å regulera trafikken. Både vegvesenet, kommunane og dei som køyrer tenkjer med gru på korleis det vil gå når sotratrafikken møter bilflaumen frå ei gratis Askøybru om to og eit halvt år.

Forslag i august

I fjor vinter vart det sett ned ei arbeidsgruppe med folk frå lokalpolitikk og næringsliv både i Bergen og på Sotra for å sjå nærare på kva slags løysingar som kunne koma på tale.

Leiar for gruppa er Lars Gunnar Lie, heimehøyrande i Fjell, men tidlegare stortingsrepresentant for KrF i Sogn og Fjordane og samferdsleminister i Syse-regjeringa frå 1989 til 1990.

— Vi har tid på oss til august 2004 for å koma med eit forslag, seier Lars Gunnar Lie til Bergens Tidende.

— Har du sett forslaget til Johannes Sørli?

— Ja, og hans forslag vil vi ta med i vurderingane som vi skal gjera. Vi har ingen bindingar på oss, men står heilt fritt når det gjeld plassering av det nye sambandet, anten det no vert bru eller tunnel.

Bra å spreia trafikken

Regionvegsjef Ole Chr. Torpp sin kommentar til forslaget dekkjer nesten ord for ord det som Lars Gunnar Lie seier.

— Men tunnelen kan kanskje verta kortare enn 9 kilometer. På grunn av Noreg sin særeigne geografi får vi rett til å fråvika EU-normene for stiging i tunnelar, seier Torpp.

— Dette er eit distrikt der køyreavstanden til arbeid for dei aller fleste ligg på mellom 10 og 30 minuttar. Då er det ein stor fordel å få spreidd trafikken. Vi veit at ein stor del av trafikken som i dag går over Sotrabrua skal til Sandsli og Kokstad. Då vil det vera naturleg for mange av desse å køyra tunnelen mot Flesland og Birkelandsskiftet, seier Johannes Sørli.

Sparar omveg

Ein av dei som ønskjer seg Sørli-tunnelen til Sotra er Reidar Lysen, dagleg leiar hjå Johannes Lunde Transport på Lønningen. Lysen vil få tunnelen rett utanfor kontordøra.

— Vi køyrer mange trailerar kvar dag til Sotra Fiskeindustri på Glesnes eller til Sekkingstad på Skaganeset for å henta fisk som skal til Kontinentet. Ein tunnel tvers over hadde vore midt i blinken for oss, så hadde vi spart omvegen nordover over Sotrabrua, seier Reidar Lysen.

Dobbel tunnel om nokre år

I Bergen har advokat Kaare Hartmann rekna på kostnader og finansiering. Hartmann, som stod bak opplegget med tunnelen til Bjorøy, har kostnadsrekna Sotratunnelen til mellom 550 og 600 millionar kroner, medrekna tilknyting og litt utbetring av veg på Sotra. På Sotra-sida kjem tunnelen ut litt nord for Tellnes.

— Men for den prisen får du berre ein tofelts tunnel. Er det godt nok?

— Sjølv med det nye vegsambandet vil storparten av trafikken mellom Sotra og Bergen framleis gå over Sotrabrua. Det er vanskeleg å seia kor mykje trafikk tunnelen vil ta. Eg trur at det i mange år framover er nok med ein tofelts tunnel, men dersom trafikken held fram med å auka slik han gjer, må det byggjast ein tofelts tunnel til ved sida av.

Bompengar

Finansieringa av tunnelen vert ikkje noko problem, trur Kaare Hartmann.

— Med den trafikken vi har, godt over 20.000 bilar dagleg, er det nye vegsambandet eit sikkert og trygt bompengeprosjekt med ein sats på 10-15 kroner.

— Men vi vil no gjera det vi kan likevel for å få statsmidlar, seier Lars Gunnar Lie, som meiner byggjestart for det nye sambandet vert rundt 2010-2011. Det er innanfor perioden til Nasjonal Transportplan 2006-2015 som Stortinget skal vedta til våren. I forslaget som Stortinget får på bordet er ikkje Sotra-sambandet nemnt med eit ord. Men så lenge ein veg kan byggjast utan løyving frå staten, er det mogleg å snika i køen.

Trur ikkje på øytunnel

Då er det meir usikkert med planane om eit tunnelsamband frå Hjellestad til Bjelkarøy og Lerøy, som høyrer til Sund kommune. Der og har Johannes Sørli streka opp ein tunnel under sundet frå Hjellestad. Samla kostnad er rekna til 137 millionar kroner, og ei skisse til finansiering basert på ferjeavløysingsmidlar og bompengar er meir enn usikker.

— Dette har eg lita tru på, seier Ole Chr. Torpp.

— Men de trudde ikkje så mykje på Bjorøytunnelen heller, repliserer Kaare Hartmann.