Det var på eit møte på Nordfjordeid sist fredag at leiaren av aksjonsgruppa for Nordfjord-sjukehuset, Svein Hansen, kasta fram idéen om å organisere Nordfjord sjukehus som eit aksjeselskap. Planen er at staten, fylket, kommunane, næringslivet, organisasjonar, tilsette og privatpersonar i Nordfjord skal stå som aksjeeigarar.

Årsaka er at støttegruppa fryktar framtida for lokalsjukehuset innanfor Helse Førde, sjukehusføretaket i Sogn og Fjordane.

— Vi meiner det er gjort ei rekkje vedtak som ikkje er til beste for sjukehuset på Nordfjordeid. Funksjonar som kunne vore i Nordfjord, blir overførte til Førde. Folk er frustrerte og fortvila, og er redde for at sjukehuset blir teke bit for bit. Då må vi gjere noko, ikkje berre sitje og sjå på, seier Hansen.

— Men er det i det heile realistisk med eit privat sjukehus?

— Det meste er realistisk, om godviljen blir lagt til. Vi ser føre oss ein kombinasjon av eit somatisk sjukehus for folket i Nordfjord, og ein institusjon som også kan spesialisere seg innanfor enkelte fagfelt.

Til Bergens Tidende seier Hansen at tanken om eit privatdrive sjukehus for Nordfjord er heilt ny. Så langt har aksjonsgruppa ikkje drøfta utspelet verken med kommunane eller tilsette ved sjukehuset. Ei gruppe med tidlegare Eid-ordførar Kristen Hundeide, Oddvin Hansen og aksjonsleiar Svein Hansen skal greie ut planane om Nordfjord Sjukehus AS.

— Gruppa har ikkje fått nokon frist, men vi ser det som heilt nødvendig at det blir jobba raskt. Det vil ikkje gå lang tid før vi tek kontakt med Nordfjord-kommunane, seier Hansen.

Aksjonsgruppa for Nordfjord Sjukehus har vore sterkt kritiske til leiinga i Helse Førde. På møtet i aksjonsgruppa sist fredag blei det avgjort å be om å få utarbeidd ein analyse over utviklinga i sjukehusføretaket i Sogn og Fjordane.