Det meiner Ola B. Siverts i Arkitekt-gruppen Cubus AS.

Han synest det er skuffande at arkitekt Niels Torp som vann konkurransen om utforminga av sentrumsområdet på vest-sida av stamvegen, planlegg ein bymur mot aust.

– Dei klassiske bymurane blei bygde for å verna seg mot fiendar. I Åsane handlar det om å skapa samhald. I dag er 15.000 menneske i aust skilde frå 15.000 menneske i vest med ein sterkt trafikkert motorveg. Bybygginga i Åsane sentrum blir ikkje vellukka utan eit lok over ve-gen som kan knyta eksisterande sentrum saman med det enno ikkje utbygde om-rådet austom vegen, seier Siverts.

Området i aust er det såkalla C-feltet som i fjor deltok i arkitektkonkurransen Europan. Siverts har bede vinnaren av Europan-konkurransen, danske Lars Benderup, visa korleis hans vinnarutkast kan knytast saman med Niels Torp sitt ved hjelp av loket over vegen.

Siverts presenterte resultatet på Tomte-konferansen i Bergen i går. Bergen kommune arbeider for tida med regule-ringsplanen for Åsane sentrum. Sam-stundes vurderer Statens vegvesen ulike former for lok over vegen.

– Det er ein føresetnad at det skal gje-rast noko med denne vegen, og byrådet har sagt at dei vil ha lok. I andre byar er det bygd lok over tilsvarande vegar, seier Ola B. Siverts, som minnar om at Bergen har gjort det under Haukeland sykehus. Siverts representerer Ole Bull Eidendom som eig C-feltet ilag med Bergen Tomteselskap.