Framtidsplanar til fleire ti-tals millionar kroner blei sist helg presenterte for generalforsamlinga i Strynefjellet A/S. Berre gondolbana frå gamle riksvegen over Strynefjellet til breplatået i rundt 1600 meters høgde vil komme på kring 30 millionar kroner. Samla kan det bli snakk om utbygging for kring 45 millionar kroner dei næraste åra.

— Dette kan virke veldig ambisiøst. Men det verste vi kan gjere no, er truleg ikkje å gjere noko som helst, seier styreleiar Rolv Guddal i Strynefjellet A/S, selskapet som driv sommarskisenteret på Tystigen.

Sesong på eit halvt år

Alt til hausten kan det bli sett i gang anlegg for snøproduksjon. Kunstsnø i nedre delar av anlegget kan gje skiføre til langt utpå haustparten. Det betyr lenger sesong og større inntekter. Normalt har skisenteret på Strynefjellet stengt i slutten av juli.

— I fjor hadde vi ein sesong på to månader. Relativt enkelt meiner vi det skal vere råd å utvide denne til eit halvt år. Det vil i så fall gje ein formidabel inntektsvekst.

Kvar månad skisenteret har ope ligg omsetnaden på kring tre millionar kroner.

— Vi veit at potensialet for sommarskisenteret er enormt. Men seks månader opning bør det vere mogleg å få ein omsetnad på kring 20 millionar. Det vil i så fall gje ein formidabel inntektsauke, og vere nok til å forsvare dei investeringane vi planlegg, seier Guddal.

Neste steg blir truleg bygging av eit minikraftverk for å erstatte dagens dieselaggregat. Problemet blir at kraftverket skal byggjast i eit verna vassdrag.

— Det er gitt løyve til eit småkraftverk lenger nede i vassdraget. Vi meiner også det må takast omsyn til at miljøvinsten vil bli stor, ved å erstatte forbrenning av diesel med rein vasskraft.

Cruiseturistar

Ein gondolbane kan tidlegast komme om tre-fire år. Den blir ikkje bygt berre med tanke på skituristane.

— Med gondol kan vi gje eit tilbod til dei mange turistane som kjem med cruiseskip til Nordfjord. I kombinasjon med ein restaurant med panoramautsikt på toppen, meiner vi dette vil dra nye kundegrupper, seier styreleiaren.

— No har det tradisjonelt vore stor motstand mot slike tiltak i den norske fjellheimen. Sjølv om Tystigen ligg utanfor nasjonalparkområdet kring Jostedalsbreen, vil ikkje dette provosere mange?

— Det kan hende. Men lokalt i Stryn er planane klarerte, og der var det i alle fall ingen motstand.

Inne i planane ligg også opprusting av dagens servicebygg med kafeteria, sanitæranlegg og skiutleige.

Stryn sommarskisenter ligg 1065 meter over havet like ved gamlevegen over Strynefjellet. I dag fraktar ein stolheis skientusiastane opp i vel 1300 meter høgde. Med vanleg krokheis går det i dag an å komme vidare opp til breplatået på 1600 meter.