— Det er blitt eit kjempeproblem, og vi har teke det opp med Riksadvokaten, seier Arne Johannessen, leiar i Politiets Fellesforbund.

Sunnhordland tingrett har berre den siste månaden avgjort fem straffesaker der polititenestemenn har vore utsette for fysisk vald og trugsmål.

— Påtalemakta legg ned for lite arbeid i desse sakene. Domstolane er for veike. Her handlar det ikkje berre om vald mot politiet, men også mot demokratiet. Polititenestemenn utfører tenestehandlingar for samfunnet, seier Arne Johannessen til BT.

Politiets Fellesforbund hadde i slutten av oktober møte med Riksadvokaten der auka vald og trugsmål mot politiet var tema.

— Vi innhentar opplysningar frå heile landet, og ser alt ein tendens. I ei konkret sak fekk ein domfelt ei minimal tilleggsstraff for forsøk på å køyra ned ein politimann. Vi vil ha nye møte med Riksadvokaten, og vil først og fremst diskutera minimumsstraffer.

På vel ein månad er fem personar dømde i Sunnhordland tingrett for vald og turgsmål mot politiet:

Ein 20-åring sparka mot hovudet til ein lensmannsbetjent på Stord på veg til fyllearresten, og uttalte at han gledde seg til «å blåse hodet av politiet». Seinare brukte han knyttneven mot ein politimann i Kongsberg, kalla han for «fordømte homsepurk» og var valdeleg mot ein kvinneleg butikktilsett. Straff: 120 dagar fengsel og 3000 kr i bot.

Ein 18-åring på Bømlo skapte seg også vrang på veg til fyllearresten og sa blant anna «du skal dø, din jævla tapar» og «dokker vett ka som ska skje med dokker. Eg har ein 44 Magnum» og «jævla homsejævler» til lensmannsbetjentane. Straff: 21 dagar fengsel på vilkår og 3000 kr i bot.

På veg til drukkenskapsarresten let ein 27-åring sinnet gå fysisk ut over ein lensmannsbetjent i Kvinnherad i sommar. I politibilen slår han betjenten i andletet og påfører han eit kutt i lippa. Straff: 30 dagar fengsel på vilkår og 6000 kr i bot.

Ein 20-åring får 30 dagar fengsel på vilkår og 3000 kr i bot for tjuveri og for å ha truga ein lensmannsbetjent over telefon med at «du kan bar dra til helvete ellers skal eg få Reidar til å skamslå deg.»

Ein 18-åring kallar ein lensmannsbetjent på Stord for «din jævla jøde» og tek eit såkalla kyllingtak rundt halsen til politimannen på veg til arresten. Straff, medrekna andre forhold: 90 dagar fengsel, derav 60 på vilkår.