— Dei har tatt alt: Kjøttdeig, skinke, pepperoni, mozarellaost. Det var heilt tomt her då vi kom i dag, seier Manuel Tapia ved Venezia Pizzeria på Åsane Senter.

Innbrotet vart oppdaga litt før klokka 12 søndag formiddag. Tjuvane hadde kome seg inn ved å bryte opp døra ut mot parkeringsplassen. I tillegg til å ta med seg alt som var etande, hadde dei også grisa og rota til.

Utan såpass som ein liten kjøttbit til pizzasausen såg det først ut til at restauranten måtte halde stengt i går. Men etter ein runde rundt til andre velvillige pizzarestaurantar, lykkast det å få lånt saman såpass med råvarer at Venezia Pizzeria også i går kunne ta imot pizzasvoltne gjestar – som gjorde opp for seg før dei gjekk.