Vogntogføreren er lettere skadd opplyser Sentralsjukehuset i Førde. Føreren er innlagt på ortopedisk avdeling.

Deler av pizza-lasta blei liggande i vasskanten i Jølstravatnet. I tillegg lek det olje frå trekkvogna, og brannvesenet i Jølster har difor lagt ut lenser i vatnet for å hindre ureining.

Utforkøyringa skjedde i ein skarp sving nær Helgheim kyrkje.

— I utkanten av svingen har vogntoget kryssa over vegen, gått gjennom autovernet og utfor eit liten mur. Traileren blei liggjande akkurat i vasskanten, fortel politiførstebetjent Torbjørn Sælen.

Det blir no arbeidd med å berge restane av pizza-lasta. Først seinare i kveld blir det gjort forsøk på å få vogntoget fjerna frå strandkanten.