EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

Dei to har vedgått at dei trengde seg inn i huset, væpna med ein pistol som skyt plastkuler. Motivet skal ha vore at dei ville ha pengar og medisinar.

– Vi reknar saka som oppklara, takka vere god hjelp frå publikum og kollegar i distriktet, seier politiførstebetjent Bjørn Eide ved Fyllingsdalen politistasjon.

Den eine 21-åringen nektar straffeskuld, fordi han meiner han var meir eller mindre passiv tilskodar til ranet.

Båe vart fengsla i fire veker, to av vekene med brev— og besøkskontroll. Dei er sikta for grovt ran, som har ei strafferamme på 12 års fengsel.

21-åringane kjem frå bergensområdet, og er tidlegare straffedømde. Fengslinga vart påkjæra til lagmannsretten av forsvararane, Kaj Wigum og Øystein Lillevik.