— Vi har hatt ein kjempetur. Alt gjekk heilt fint, heilt til dette med softgun-pistolane hende i går kveld, seier Audun S. Borge (14) medan han ventar ved baggasjebandet på Flesland.

Fem av medelevane hans hadde kjøpt softgun-våpen - plastpistolar til å skyte små gummikuler med. Våpna er ikkje lovlege i Noreg, og gutane hadde tatt dei ulovleg med i bagasjen.

— Vi var komne om bord i flyet då vi fekk beskjed om at vi måtte ut att. Eg reknar med det er vanleg tryggleiksprosedyre - det gjekk i alle fall heilt greitt, seier Borge.

Slo full alarm

Elevane vart møtte av foreldre på Flesland tysdag, etter å ha fått ei uventa overnatting i Stavanger då flyturen heim vart tre timar forseinka på grunn av terroralarmen.

Pistolsmuglinga vart oppdaga etter at ein av elevane i siste liten angra på våpenkjøpet. Han knuste plastpistolen og kasta både våpenet og emballasjen i ei søppelkorg på toalettet på flyplassen. Her fann ein tilsett restane like etter.

Ein annan pistol vart funnen under gjennomlysinga av bagasjen før innlasting i lasterommet. Med flykapringane i USA friskt i minne vart det slått full alarm. Politiet vart varsla, og flyet som skulle ta av mot Sola vart tømt for passasjerar og baggasje. I gjennomgangen av sekkar og koffertar vart tre pistolar til funne.

Refs frå kapteinen

— Kapteinen ga var svært bestemt, og ga klar beskjed om at dette var ein svært alvorleg ting å gjere, seier lærar Jan Hasselberg, som var med dei 47 elevane på seksdagarsturen til Skottland. Lærarane visste at ein av elevane hadde kjøpt seg pistol, og hadde på førehand gitt klar beskjed om at han måtte kvitte seg med våpenet.

For Braathens førte pistolhistoria og den kraftige forseinkinga til at 55 passasjerar måtte overnatte på flyeselskapets rekning i Stavanger. Braathens skal i løpet av tysdag vurdere om nokon skal krevjast for ekstrautgiftene.

Heller ikkje skulen har bestemt seg for korleis dei skal reagere mot dei unge våpensmuglarane.

— Vi skal diskutere det med skuleleiinga. Ingen ting er bestemt ennå, seier lærar Jan Hasselberg, som understrekar at heile turen hadde gått smertefritt på alle vis inntil måndag kveld.

— Dette er greie gutar som gjorde noko veldig dumt. Dei er veldig nedtrykte etter det som har hendt, seier Hasselberg.

PISTOLKRØLL: - Alt gjekk heilt fint, heilt til dette med paintball-pistolane hende i går kveld, seier 14-åringen Audun S. Borge (til høgre).
Foto: Arne Nilsen