Det viser tal frå Finansnæringens Hovedorganisasjon.

Statistikken visar at mellom ti og seks prosent av alle brannar dei siste åra har starta i pipa eller i eldstaden. I fjor var det registrert 1376 slike brannar, noko som kosta 130 millionar kroner.

Kommunikasjonsrådgjevar Stine Neverdal seier dei ser altfor mange unødvendige brannar som skuldast at folk ikkje er forsiktige nok.

— Arbeid rundt og nær skorsteinen bør utførast av fagfolk, og utøvaren må alltid sjekka retningslinene for slikt arbeid med brannvesenet, seier ho.

— Folk bør unngå amatørmessig heimesnikring på eit så viktig område i huset som dette, seier Neverdal.

Feiar Trond Grindheim fortel at somme løyser problemet ved å avskilta omnen og installera varmepumpe i staden. Andre isolerer pipa innvendig ved å sleppa eit røyr ned i skorsteinen og gjer anlegget brannsikkert på den måten. Slik rehabilitering er det berre godkjende fagfolk som kan utføra.