Det er avansert anleggsteknikk som vert utført på Austevoll-sambandet. Statens vegvesen sin prosjektleiar, Tor Arne Thorsen, medgjev at anleggsarbeidet ikkje har gått framover så fort som dei hadde vona.

— Vi får det travelt i 2007, seier han med tanke på fristen som vegvesenet har gjeve seg sjølv; - fullføring i november 2007.

— Her i Austevoll har vi førebels kryssa av 17. november for opning av brua. Eg trur det vil halda, og i alle fall skal vi ha bruopning før jul. Men det er eit komplisert arbeid med sjøfundamenta. Der er det mykje anleggsmessig pionerkunst, seier Helge Andre Njåstad.

Toler jordskjelv

Tor Arne Thorsen opplyser at sjøfundamenta er konstruerte både for å tola skipskollisjonar og jordskjelv.

— I gamle dagar laga dei forskaling som dei plasserte på sjøbotnen og støypte oppi. No lagar vi såkalla senkekassar på land. Dei vert så heiste ut på sjøen og støypt vidare til dei er høge nok. Så slepar vi dei ut og senkar dei på ned botnen der det alt er jamna til. Pilarane som ber bruene vert deretter støypte opp frå senkekassen. Fundamentet er og forankra under botnen ved hjelp av spennarmering, solide wirar som er festa i borehol nede i fjellet, forklarar Tor Arne Thorsen.

Fritt fram

Status ved siste årsskiftet for anlegget er at Storesundbrua, nærast Huftarøy, er ferdig støypt. For bru nr. 2, Hundvåkøybrua, står dei to pilarane og ragar meir enn 30 meter opp frå sjøen. Entreprenøren, Reinertsen Anlegg, førebur støyping av bruhovud i kvar ende. Det tek nokre veker. Deretter går dei laus på sjølve brukassen, som skal støypast etter fritt fram-prinsippet. Brukassane vert støypte frå kvar ende, og Thorsen reknar med at dei vil møtast ein gong tidleg på hausten.

GODT FESTA: Brufundamenta for dei to bruene er trygt plasserte på botnen og forankra i grunnfjellet ved spennarmering. Vegvesenet hadde lukka med seg og fann ein knaus som stakk opp i det djupe sundet under Storholmenbrua. Denne brua var ferdig støypt hausten 2006.

TOR SPONGA/STATENS VEGVESEN (foto/ill.)