På garden Stua spring lamma rundt på bakkar som framleis er grøne. Lamma er små. Så små at bonde Lars Stuve ikkje får godt nok betalt om han leverer dei til slakt.

— Folk ventar i det lengste med å levera i år. Me får meir betalt dersom me leverer kvalitet, seier Stuve.

Ei ny tilskotsordning som blei innførd ved årets jordbruksoppgjer, er årsaka. Bonden får 120 kroner i tilskot for eit kvalitetslam på kring 45 kilo. Dersom lammet er under vektkravet, får han berre 60 kroner.

Dette kan gje store økonomiske utslag for bønder med mange dyr. For pinnekjøtelskarar kan konsekvensane fort bli dramatiske ...

5000 færre middagar

— Eg er engsteleg for at eg ikkje får nok råstoff. Folk må i alle fall vera tidleg ute skal dei ha pinnekjøt til julemiddag i år, seier kjøpmann Ragnar Birkeland i tradisjonsrike Birkeland AS på Bergen Storsenter.

Han treng 30 tonn råstoff for å levera pinnekjøt til kravstore bergensarar og austlendingar. Så langt har han berre fått ein tredel av det han treng på denne tida.

Hos storprodusentane i Evanger tryglar dei om meir lammekjøt.

— Me ligg på etterskot og klarar ikkje å produsera nok. Det blir 5000 færre pinnekjøtmiddagar frå oss, sa Arnstein Århus ved Evanger pølsefabrikk til NRK Hordaland tysdag.

- Det vert manko

Konkurrenten Eldhus AS har også dårleg tid med å få ferdig pinnekjøtet til jul.

— Får me ikkje råstoff denne veka, kan det bli dramatisk, seier Anders Mestad, dagleg leiar ved Eldhus AS.

Både Evanger pølsefabrikk og Eldhus AS røykjer pinnekjøtet på tradisjonelt vis i eldhus. I tillegg til at regnvêr seinkar tørkinga, kan plassmangel på eldhusa bli eit problem.

— Pinnekjøtet skal tørka i fire til fem veker. Vanlegvis rekk me tre rundar med tørking før jul. No kan det bli to, fryktar Mestad.

— Ein ting er klart: Det vert manko. Folk bør vera ute i god tid skal dei sikra seg julemiddag, seier Mestad.

Gadd ikkje eta i varmen

Gilde Vest slaktar 6000 færre lam enn planlagt kvar veke. Hos konkurrenten Fatland Skjeggerød AS i Ølen stadfestar konsernsjef Leif Malvin Knutsen situasjonen.

— Det er etterslep og stort sug i marknaden etter fårikålkjøt. Det gjer at ein kjem seinare i gong med produksjon av pinnekjøt. Me merkar òg at bøndene held lenger på dyra på grunn av det nye klassifiseringssystemet, seier Knutsen.

Tore Atle Sørheim i Stord sau og geitealslag er i utgongspunktet positiv til det nye klassifiseringssystemet.

— Det er ein god idé å få betre betalt for kvalitet, men systemet fungerer ikkje i praksis. Det er typisk at folk inni Oslo sit og lagar reglar som ikkje er heilt gjennomtenkte, seier han.

Ein ujamn beitesesong med lite snø i høgfjellet, mykje regn og heit varme i låglandet får skulda for magre sauekroppar.

På Stua spring framleis 37 slanke lam på bakkane uvitande om at dei kosar seg på overtid. Om fjorten dagar kan det vera over for nokre av dei.

FORSEINKA: Det blir manko på pinnekjøtmiddagar i år fordi bøndene må feita opp dyra før dei går til slakt. - Det kan vera at dei minste lamma her blir gåande heilt til november, seier Stord-bonde Lars Stuve. Dårleg beite er årsaka til låg vekt på årets lam. FOTO: LENA VERMEDAL