– Det er merkbart større etterspurnad etter pinnekjøt på Austlandet. Men sjølv om salet av svineribbe har gått ned, så omset vi fire gonger så mykje ribbe som pinnekjøt, seier dagleg leiar Svein Fatland i Fatland AS. 260 tonn pinnekjøt og tusen tonn svineribbe har i år gått ut på den norske julemarknaden frå Fatland-slakteriet, som har hovudanlegget sitt i Ølen i Rogaland.

Både Fatland og landets største kjøtprodusent, Gilde, melder om auke i totalsalet av kjøt i 2006, trass i E.coli-skandalen frå i sommar. Berre spekepølser har hatt salssvikt.

Gilde vil i 2006 for første gong passera 100.000 tonn i omsett kjøtmengde på eitt år, melder avisa Nationen. Dei fleste av Kjøttbransjens Landsforbund sine nær 170 medlemmer melder om omsetnadsauke.

Gilde er i ferd med å setja nok ein rekord med ein forventa omsetnad på 250 millionar kroner veka før jul. Det er konsernets hittil beste sal i løpet av ei veke.

– Totalsalet veks hos oss óg. Vi har hatt rundt 20 prosent auke kvart år i seks år, veksten er litt mindre for 2006, seier Svein Fatland i Fatland slakteri.

Fatland produserer i alt kring 30.000 tonn i året.

– Omsetnaden av foredla varer til butikk har auka med 10 – 15 prosent, seier Svein Fatland.