400 kilo slurry var sprengstoffet som skulle til. Ekkoet dundra mellom fjellsidene i Hardangerfjorden.

Pilotholet er plassert høgt over den raude garnblåsa i fjellveggen som markerer punktet der gul stripe i asfalten på framtidig veg skal koma ut av fjellet og ut på brua.

Høg portal

— Forklaringa er at denne tunnelportalen skal verta ekstra høg, heile 22 meter. Tunnelen som no er sprengt, har vanleg tunnelhøgd, og er plassert heilt oppunder det framtidige tunneltaket, seier byggeleiar Bjarne Løne.

At pilottunnelen held seg oppunder taket i den framtidige tunnelen, ikkje langs «golvet» har også si rimelege forklaring.

— Det er gjort for å kunne sikra og bolta taket på grei måte. Seinare når det er sprengt i full høgde, rekk vanleg anleggsutstyr ikkje opp i taket, forklarer Løne.

Vellykka

Sprenginga i dag gjekk etter planen. Oppgåva vart litt mindre enn tenkt, fordi det vart hol ut mot fjorden allereie etter ei sprenging i går kveld. Det var eigentleg ikkje planen. I dag fekk holet rett storleik.

Pilotholet vert utgangspunkt når opninga mot fjorden skal sagast med diamantband. Det gir gode flater når sjølve portalen skal kontaktstøypast, betong mot fjell.

ARNE HOFSETH