Flygaren får behandling på kommunelegekontoret i Svelgen, etter at han blei henta på havaristaden av eit ambulansehelikopter like før klokka 13 fredag. I følgje AMK-sentalen ved Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane har piloten så små skader at det slett ikkje er sikkert at han blir lagt inn på sjukehus.

Rotoren i bakken

Ved Hovudredningssentralen (HRS) på Sola får bt.no opplyst at havariet skjedde i samband med landing. Helikopteret skleid av landingsplassen, og både nasa og rotoren slo i bakken. Flygaren kom seg ut av cockpiten med eiga hjelp, men blei på ulukkesstaden teken hand om av folk som var i området.

Det havarerte helikopteret er av typen Bell 204, og eigd av selskapet Helitrans. Selskapet var leigd inn i samband med at det føregår rehabiliteringsarbeid på ein demning i området.

Ville ikkje på sjukehus

I følgje HRS skal piloten sjølv ha vore i kontakt med AMK-sentralen ved sjukehuset i Førde, og gitt beskjed om at han berre har nokre mindre kuttskader. Helikopterflygaren skal også ha gitt beskjed om at han ikkje vil på sjukehus.

Eit ambulansehelikopter blei likevel dirigert til havaristaden. Redningshelikopter vart også sendt frå Sola, men dette snudde undervegs.

Helikopterhavariet skjedde ved Hjelmevatnet (også kjend som Førdesvatnet), i fjellområda nord om kommunesenteret Svelgen. Hovudredningssentralen fekk melding om havariet klokka 11.57.

I BAKKEN: Rotoren og nasa kom borti bakken, og helikopteret havarerte i snøen.
Foto: NRK