– Det gjekk bra, men det var minutt om å gjere då ho til slutt kom fram til Rikshospitalet, seier far til jenta, Ole Valaker, til Firda. Han er uroleg over beredskapen på flyplassane i Sogn og Fjordane etter hendinga no i haust.

– Dette er falsk tryggleik, meiner han.

Den fem år gamle dottera har vasshovud, og har fleire drensrør operert inn i hovudet. Då familien var heime på ferie i Utvik i haust, gjekk eitt av røyra tett. Jenta blei alvorleg sjuk, og måtte til Rikshospitalet snarast råd.

Vêret var for dårleg til å bruke helikopter, og Førde sentralsjukehus avgjorde å tinge ambulansefly. Dette var ein laurdag kveld, og flyplassen i Førde var stengt. Flygaren nekta å gå ned, fordi det ikkje var brannberedskap på plass.

– Kapteinen tok avgjerda. I dette tilfellet meinte han det måtte vere brannberedskap, seier lufthamnsjef Siv Merete Stadheim. Ho legg til at det ofte landar ambulansefly på flyplassen utan brannberedskap.