Folk i byggefeltet Gunnhildhagen trudde knapt sine eigne auge sist laurdag morgon. For oppå eit meterhøgt tregjerde var det komme fire rekkjer piggtråd. Ifølgje NRK Sogn og Fjordane har dei som bur i feltet klaga til kommunen.

— Vi fryktar ungar og dyr kan bli skadde, seier Oddbjørg Fjelltun.

Eigedomen blir brukt til eldrebustader. Belinga Raunehaug, som har sett opp piggtrådgjerdet, forstår at folk kan bli provoserte. Men ho er sjølv provosert over at folk tek seg til rette, går over eigedomen og forstyrrar dei eldre.

— Det håpar eg å ha sett ein stoppar for no, seier Raunehaug.

Ho lovar likevel at piggtrådgjerdet skal vekk med tid og stunder. Det er ei mellombels løysing før det kjem eit høgare gjerde.