Vinterdekk er praktisk talt synonymt med piggdekk på Voss.

— Nitti prosent av våre kundar vil ha piggar i vinterdekka. Berre ti prosent køyrer piggfritt, seier Vidar Kristiansen ved HMV Bilsenter til Bergens Tidende.

— Vi hadde ein liten oppsving for dei piggfrie dekka for eit par år sidan, men den trenden vart forbigåande, fortel Kristiansen.

Tilbakefall

Men ti prosent av Vossabilistane sverger til piggfritt, og ser ikkje for seg at dei skal byta attende. Likevel har det i år vore nokre unntak.

Sjefen for bilsenteret, Steinar Hjørnevik, har sett på piggdekk etter åtte piggfrie vintrar, og ein drosjesjåfør som Bergens Tidende har snakka med, har 13 års køyring på piggfrie dekk bak seg. Grunngjevinga er klar: manglande vedlikehald av vegane.

— Skal piggfrie dekk fungera, må vegane brøytast, strøast og saltast når det trengst, ikkje timevis etterpå, seier dei til Bergens Tidende.

Gratistilbod

Dei som la om til vinterdekk i går, gjekk glipp av gratistilbodet som dei fleste bilforhandlarane på Voss har for kundane sine.

HMV Bilsenter, som var først ute med ordninga, tilbyr gratis hjulskift rett etter vanleg stengetid tysdag om vel ei veke. Då har alle mekanikarane sett av kvelden til ekstrainnsats.

Ei slik indirekte oppmoding til dekkbyte, vil dei nødig koma med før piggdekk er «lovleg», sjølv om styresmaktene har signalisert lempelegare praktisering etter massekollisjonane på E6 i haust. Dessutan må datoen fastsettast i god tid, skal alle mekanikarane få rydda plass på kalenderen.

Smeltar bort

Dei som har hatt is i magen og framleis har sommardekka på bilen, treng truleg ikkje fortvila. I løpet av helga er mildvêret over oss igjen.

Vakthavande meteorolog på Storm Weather Center stiller så vel mildvêr og regn som hauststormar i utsikt frå mandag. Det kan regna heilt til fjells. Finn fram sydvesten.

— Det er klassisk med ei god veke vintervêr, og deretter ein periode med mildvêr før vinteren kjem for alvor, seier han.

Temperaturen var heilt nede i 20 minusgrader på Finse natt til torsdag.

I helga opnar alpinanlegget Tyin-Filefjell skisenter, og på Beitostølen står ei løype for skøyting klar for langrennsfolket. Også skianlegga på Gaustadblikk og Bjorli opnar denne helga.

<b>FRITT VAL:</b> Vidar Kristiansen ved HMV Bilsenter har både piggfritt og piggdekk å tilby, men det er piggdekka (nærast) som går unna.