— Den er ikkje til å leve med, seier dagleg leiar Ola Braanaas til NRK Sogn og Fjordane. Dei tilsette er permitterte frå i morgon.

— Vi har ikkje pakka laks sidan straffetollen blei innført. Vi har halde oppe aktiviteten med å slakte aure for andre kundar, men no går ikkje det lenger, konstaterer oppdrettaren.

Firda Management er ein av kring 90 norske oppdrettarar som hardast råka av straffetollen. Dei har 24,5 prosent i straffetoll, medan dei fleste har 16 prosent.

— Med den slaktinga vi har lagt opp til, taper vi ein halv million i veka mot dei som har 16 prosent, seier Braanaas.