— Eg vil tru ho ser ned på oss og gnir seg i hendene, seier Bartz.

Det var i 1992 at kokken på IKEA ringde til den no avdøde mormora for å få ei oppskrift på peparkaker, slik at han kunne selja ferdig deig til kundane i Åsane.

Dei første åra var det Bartz sitt kjøkken som stod for produksjonen, men no er det Berthas Bakeri på Austlandet som lagar deigen.

— Sidan mormor heitte Bertha, passar det jo bra, seier Bartz.

Til å byrja med laga han og kjøkkenet i Åsane 700 kg deig i året. No er produksjonen auka til 200 tonn, og deigen kan kjøpast i alle varehusa kjeda har i Noreg.

Kakebakaren er viss på at mormora ville ha sett pris på oppskrifta hennar no blir nytta i stor skala. Men sjølve oppskrifta vil han ikkje ut med.

— Eg kan iallfall røpa at her er ingen hemmelege ingrediensar, det er ein ganske vanleg deig - utan gjær og med ein god del natron.

Deigen er berre å få kjøpt i Noreg, men Bartz er ikkje framand for å få han ut til enno fleire.

— Kanskje kan deigen bli Noreg sitt svar på svenske kjøttbollar? Eg får ta ein telefon til sjefen, seier bakaren og ler.

Silje Katrine Robinson